Frosta songen

Tekst: Tormod Tvete

Melodi: Jørgen Sørlie

Frostasongen ble "overlevert kommunen og bygdefolket 17. Mai - 1947"

Foto: O.Lindgaard

Frosta Historielag selger trykk av Frostasongen. Pris kr: 40,-

Vi fylker oss til ærleg strid for folk og fedreland.

Her trengs det varme, dåd og flid og trugen arbeidshand.

Så løfter vi vår fødebygd mot sol og lys og vår.

Her fekk eg heim, her fann eg trygd, her strir eg år for år.

Her fekk eg heim, her fann eg trygd, her strir eg år for år.

 

 

Her sette våre fedre bu og rydde teig for teig.

Dei bygde heim i von og tru, med vilje sterk og seig.

Det grodde rikt der plogen skar i djup og grornæm jord.

Og no ligg blide grend og gard og helsar Trondheimsfjord.

Og no ligg blide grend og gard og helsar Trondheimsfjord.

 

Hit stemnde menn av beste ætt frå bygder rundt ikring.

Dei lagde råd og sette rett på gamle Frostating.

Dei reiste lov i Trøndelag og dømde nidings råd,

Og bygde Noregs ny dag på rett og fager dåd.

Og bygde Noregs ny dag på rett og fager dåd.

 

Vi takkar varmt for trauste tak og dåd i tusen år.

Kvar tanke varm, kvar vilje rak og striden lang og sår,

har rundt oss heim og gitt oss trygd og skapt vår rike dag.

For oss er Frosta fagrast bygd i fagre Trøndelag.

For oss er Frosta fagrast bygd i fagre Trøndelag.

 

Så løfter vi i von og tru vår bygd mot rike kår.

Vi går til arbeids, eg og du, med bøn om sol og vår.

Så signe Gud, kvar trufast hand, og løne ærleg strev,

Og la det bløme vent om land ein vokster rik og gjæv.

Og la det bløme vent om land ein vokster rik og gjæv.

 

 

 

Copyright Frosta Historielag © All Rights Reserved

Frosta Historielag

Tun

7633 Frosta

+0047 74 80 98 49

frosta.historielag@gmail.com